Vann

Vannprøver og Helikoptertrafikk

Undersøking av landets vannressurser i perioden 15. september - 1. desember 2019

Effekter av urein luft og nedbør på vannressursene skal nå følges opp gjennom en undersøkelse av om lag 1000 innsjøer i hele Norge. Det er NIVA som skal gjennomføre undersøkelsen på oppdrag fra Miljødirektoratet. 

Som eit ledd i Miljødirektoratet sitt arbeid med å halde oversikt over miljøtilstanden i norske innsjøar er det tidlegare gjennomført tre store undersøkingar i Noreg. Den fyrste vart gjennomført i tre etappar med 155+153+719 innsjøar i 1974-1975. Den andre vart gjort hausten 1986, da det vart samla inn vassprøver frå 1005 norske innsjøar. Hausten 1995 vart den hittil siste undersøkinga gjennomført. Da vart det teken vassprøver frå 1500 innsjøar. Av desse vart 500 òg undersøkt i 1986, og her var formålet å sjå utviklinga i vasskjemi sidan 1986. Men det vart òg gjort eit statistisk utval på 1000 sjøar frå kvar region i landet, som skulle gje eit representativt bilete av vasskjemien i heile Noreg. 
 
I 2019 har Miljødirektoratet bestemt at dei 1000 statistisk utvalde innsjøane frå 1995-undersøkinga skal takast på nytt til hausten for å oppdatere oversikta over miljøtilstanden. Undersøkinga i år skal i størst mogleg grad gjerast som den i 1995. Data skal samanliknast med data frå 1995, og det er særs viktig å ta prøver frå dei same lokalitetane. 
 
Den faglege bakgrunnen for undersøkinga er at det har skjedd store endringar i viktige miljøfaktorar dei siste 23 åra. Sur nedbør har gått kraftig attende. I takt med redusert sur nedbør har og konsentrasjonar av kalsium og magnesium gått ned, og ein fryktar at dette enkelte stader kan gje marginal vasskvalitet for fisk og anna liv. Langtidsdata frå overvaking viser aukande humusinnhald (farge) i vatn, og dette har vore eit problem for fleire vassverk. Også dette har vore knytt til reduksjonen i sur nedbør. Klimaet har vorte varmare og det har vore meir hyppige episodar med ekstremvær, til dømes tørka i Sør-Noreg i fjor sommar. Ein veit ikkje nok om korleis det står til med vasskvaliteten på nasjonal skala i dag. 
 
For effektiv gjennomføring skal flest mogleg av innsjøane prøvetakast frå lufta med helikopter, og det må innhentast landingsløyve for dette. Fleire av innsjøane ligg i verna områder, og det må i dei tilfella innhentast løyve frå vernemyndigheitene.

Det skal takast ei prøve frå kvar innsjø. Prøva vil bli teken med vasshentar frå helikopter over sentralt område i innsjøen. Dette vil ta om lag 2-3 minutt i kvar sjø. Helikopteret vil altså ikkje lande fysisk på innsjøen. Faren for spreiing av sjukdomar og parasitter skal være minimal ved at utstyret tørkast og overskotsvatn slås ut over land i eige nedbørfelt. 
 
For å sikre godt flygevêr og effektiv logistikk er det ynskjeleg med eit løyve som gjeld for tidsrommet frå 15. september 2019 og fram til 1. desember 2019. Omsyn til vilt og reinsdyr skal takast. Vår samarbeidspartner Helitrans har god erfaring med slik flyging.


 Med helsing
Atle Hindar, Prosjektleiar
prosjektstotte@niva.no 
Mob. 90516045
NIVA Region Sør